SMALAHOVE

SLEPPET

BILLETTAR I SAL NO!

KJEM DU PÅ MEIERIET?

ME HAR FLEST HOVE PER INBYGGAR!

LITT TAO KVART

LOKALREVY MED

BONDEPUB OG FLEKADANS

FREDAG 26.9
18:00

Det beste frå alle grendarevyane på ein kveld!
Me gjentek braksuksessen frå i fjor!
Meir av alt som er gale – heilt utan filter.

Etter revyen er det alle mot alle.
Då kan du ta deg ein runde på dansegolvet, eller
forhandla mjølkekvotar og gjerdeplikt med naboen
i kontrollerte omgjevnader. Skrifteboksen er open for førehandsskrifting fram til midnatt.

Kom som deg sjølv
før nokon andre gjer det.

Litt Tao Kvart + Alle mot alle

Heile kvelden lang med latter, dans og nabokrangel
kr 625
  • Akutt fare for krampe i magemusklane
  • Passar for både deg og mor di
  • Betre å angra før enn etterpå

HOVE FOR HOVE

SMALAHOVE-FESTEN

PÅ MEIERIET

LAURDAG 27.9

18:00

Smalahovefesten som svir meir enn den luktar,
og smakar meir enn den kostar!

Kom som du er
i nystroken florsdress eller rufsete byskjorta. 

Geir Løne kokar verdas beste smalahove, drosjane køyrer skyttel, naboen din dansar og viss du oppfører deg nokolunde får du
kanskje sjans du óg.

Etter hove vert det
alle mot alle
og dans med Grøftekarane.

Gratis parkering for Massey Ferguson.

Hove Får Hove på Meieriet

Smalahovefest og makalaus stemning
kr 875
  • Inviter nokon som fortener det
  • Kom svolten viss du likar hove
  • Måling av største brekebein

FRÅ ORD TIL HANDLING?

ÅRETS BESTE HANDEL VENTAR!

KVA ER SMALASJANSEN?

Smalasjansen er eit heilt nytt lotteri som gjer det litt ekstra kjekt å handla i lokale butikkar.

Les meir under!

Smalasjansen er eit nytt lotteri
som gjev attende til
deg som handlar lokalt.

Når du handlar i ein av butikkane
som er med på Smalasjansen,
kan du få med eit lodd på kjøpet.

Då må du vera på rett plass til rett tid.

På torsdag er det butikkar på AMFI som har lodd.
På fredag er det butikkar i Brynalii som har lodd.
Og på laurdag er det butikkar på Vangen.

Oversikt over butikkar med lodd finn du her
når det nærmar seg tid for handling.

Kvar butikk som er med på Smalasjansen
donerer éin premie kvar med salsverdi
på 2500kr eller meir.

Alle lodd gir lik vinnarsjans.

Du kan vinna vinstar
frå alle butikkane uansett kva butikk du har lodd i frå.

Sjekk oversikt over
butikkar med lodd
under.

Lodd til Smalasjansen
får du gratis når du handlar
rett tid og stad.

Kvar butikk har eit begrensa antal lodd å dela ut.

Lodd kan ikkje kjøpast for pengar.

Trekking av alle vinstane skjer på Vangen,
Laurdag 27.9 klokka 15:00

Viss du ikkje er der då
med vinnarloddet ditt,
går vinsten vidare til ny trekking.

Kvar butikk donerer éin vinst kvar, og alle lodd gjev lik vinnarsjans på alle vinstar i trekkinga.

Premiar kan ikkje bytast i pengar. Lodd til Smalasjansen kan ikkje kjøpast eller seljast for pengar.

HER FÅR DU SMALASJANS:

TORSDAG 25.9

AMFI VOSS

Sjå etter sau på senteret!

Desse butikkane gir deg smalasjans på torsdag

FREDAG 26.9

BRYNALII

Desse butikkane gir deg smalasjans på fredag

LAURDAG 27.9

VANGEN

Show for store og små heile dagen. Trekking av Smalasjansen 15:00 Laurdag!

Desse butikkane gir deg smalasjans på laurdag

KVA HAR DU TENKT Å GÅ GLIPP AV?

SMALAHOVESLEPPET PÅ VOSS - BYGDA MED FLEST HOVE PER INNBYGGAR